Norsk laksenæring er viktig for landet.  Med 14 millionar måltid norsk laks kvar dag er laksen svært populær mat i heile verda!  Kysten vår er ideell for produksjon av laks.  Potensialet for vekst er stort. Det er også fleirtal på Stortinget for vekst av laksenæringa. MEN, på eit vilkår: Veksten må vere berekraftig.

Difor har Fjord Miljø utvikla Strømmenrør«Dette er ei løysing for oppdrettaren med langsiktig vekststrategi og med ein førebyggjande strategi for lakseluskontroll.» seier Sven Jørgen Strømmen.

Systemet fungerer som eit ventilasjonsanlegg som sikrar utskifting av vatn i merden for å skape eit optimalt miljø med god trivsel og vekst. Fiskevelferd er satt i førarsetet og Strømmenrør leverast med automatisert styringssystem som jobbar for optimale forhold for fisken til ei kvar tid.  Systemet inkluderer alarmfunksjonar som sikrar fiskevelferd og verdiar. Les meir om pumperegulering og alarmgrenser her.

Målet er at fisken skal kunne oppretthalde normal aktivitet, fordøyelse, appetitt og vekst!

Strømmenrør er under testing i eit FHF prosjekt i samarbeid med Salmar Farming.

Sven Jørgen Strømmen

«Vi har kontroll på dei tekniske utfordringane og det ser veldig bra ut:  Fisken veks og trivast og har god appetitt. Strømmenrør svarar til forventningane så langt. Ein ser lite til lakselus og systemet held det akvatiske miljøet i merda på eit godt nivå. Tidlegare har det vore slik at forholda i merda berre har blitt observert. Den store fordelen no er at ein kan aktivt gjere noko med observasjonane» seier Sven Jørgen Strømmen.

Som sagt, kysten vår er ideell for produksjon av laks! Strømmen-rør er utvikla for å ta vare på dei naturlege fortrinna naturen har gitt oss.  Med Strømmen-rør vil ein utnytte oppdrettsanlegga sin fulle kapasitet for produksjon av fisk. Mange taper verdifull produksjon på grunn av suboptimale forhold i merden. Tap knytt til avlusingsoperasjonar kan også reduserast kraftig dersom ein kan skjerme effektivt ilag med Strømmen-rør.

God fiskevelferd og eit optimalt miljø gjev gode vekstforhold og god økonomi.  Strømmen-rør er difor ei lønnsam investering og eit viktig verktøy for næringa for å oppnå berekraftig produksjon .

«Laks er viktig for Norge.  Merdmiljøet er viktig for laksen!» avsluttar Sven Jørgen Strømmen.

Fjord Miljø samarbeider med dyktige leverandørar med høg kunnskap på sine fagfelt

Stadpipe er ein av landets fremste spesialistar på avanserte rørsystem.

Eid Elektro betjener heile Norge med alle typar elektrotavler. Gjennom ein solid vekst dei seinare åra har Eid Elektro utvikla seg til å bli ein av dei leiiande aktørane innanfor tavleproduksjon i Norge.

Goodtech er spesialist på PLS (Programmerbar Logisk Styring) og SCADA (Supervisory Control And Data Acquisation) og har lang erfaring med automatisering av dei fleste bransjar og system.

Fjord Miljø brukar byggematerial med lang varigheit. Pumpeteknologien som er valgt er utprøvd og tåler tøffe miljø over tid.

Fordelder med Strømmenrør:

  • God fiskevelferd
  • Gode vekstforhold
  • God kontroll
  • God økonomi
  • Stor reduksjon av lakselus
  • mindre handtering
  • Frakter vekk organismar som lakseluslarvar, maneter, åte og algar.
  • Avgrensar og minimerer smitte frå båtar og utstyr og andre merdar.
  • Driftstryggleik og rømmingssikkerheit er ivaretatt.
  • Levarast med produktsertifikat.

Kontaktpersonar:

Sven Jørgen Strømmen: tlf. 975 00 151 / 911 67 490

sven@fjordmiljo.no

Paul Jacob Helgesen: tlf. 489 98 383

paul@fjordmiljo.no