Fjord Miljø AS jobbar aktivt for å utvikle nye løysingar for filtrering av overflatevatn slik at overflatevatnet kan brukast i merdar med luseskjørt, bruk av snorkelmerdar, i lukka system eller andre system der det er ønskje om å bruka filtrert vatn.

Fordelane med dette er fleire, bla er ofte overflatevatnet rikt på oksygen, i fjordsystem kan tilførsel av overflatevatn redusera saliniteten og slik bistå til å unngå AGD og ikkje minst vil det vera ein mulighet til å få utnytta temperaturen i overflatevatnet når dette er gunstig.

I ein kombinasjon med Strømmenrør for henting av djupvatn og bruk av luseskjørt har du som oppdrettar fleire gode verktøy for å oppretthalde godt merdmiljø for fisken i kampen mot lakselusa ved bruk av overflatefiltrering.

Fjord Miljø testar for tida ut alt frå passiv filtrering med Naturstrømfilter til Fjordfilter, eit flytande filter med kapasitet på inntil 60 m3/min. Dette blir gjort slik at me kan utvikle gode, driftsikre verktøy for å bevare dei store fordelane norskekysten har gitt norske fiskeoppdrettarar.