Fjord Miljø
Løysingar
Fjord Miljø utviklar og sel miljøløysingar til oppdrettsnæringa. Våre løysingar rettar hovudsakleg merksemda mot merdmiljø, fiskevelferd og tilvekst i opne og semilukka anlegg i sjø, Fjord Miljø bidreg med sine løysingar til å ta vare på dei naturlege fortrinna oppdrettsnæringa har langs kysten vår gjennom å lage eit gunstig oppdrettsmiljø.
Fjord Miljø er ein framoverlent organisasjon der utvikling og nye løysingar står sterkt forankra. Vi arbeidar kvar dag for at norske oppdrettarar skal få betre produksjonsvilkår på sine lokalitetar.