Fjord Miljø utviklar og sel miljøløysingar til oppdrettsnæringa. Selskapet rettar hovudsakleg merksemda på merdmiljø, fiskevelferd og tilvekst i opne anlegg i sjø.
Gründer Sven Jørgen Strømmen står bak etableringa Fjord Miljø AS og utviklinga av Strømmen-rør som skal nyttast frå utsett til slakt. Løysinga er patentsøkt (NO20162033). Løysinga tek vare på dei naturlege fortrinna oppdrettsnæringa har langs kysten vår gjennom å lage eit gunstig oppdrettsmiljø. Strømmen har jobba med oppdrett sidan tenåra blant anna som dagleg leiar i K. Strømmen Lakseoppdrett i perioden 1996-2017. Strømmen er også klar på at utfordringane med handtering av laks i samband med avlusingsoperasjonar må bli betre.
«Mindre handtering, mindre svelting, mindre dødelegheit! Det er ein klar samanheng mellom god fiskevelferd og lønnsemd!»
PRODUKT OG TENESTER
- Rådgjeving og dimensjonering
- Pakkeløysing full lokalitet med Strømmenrør-flex
- Styrings- og beredskapssystem med automasjon
- Miljømålestasjon, sensorrigger og haloklinrigg
- Montering på lokalitet
- Service året gjennom
Viktige samarbeidspartnarar:
Viktige støttespelarar: