Fjord Miljø 3D-modell

Fjord Miljø 3D-modell – Digital tvilling

Fjord Miljø AS har utvikla ei programvare for å kunne prosjektere anlegg og fortøyningar i ein 3D-modell basert på faktiske bunnforhold på lokaliteten. Dette verktøyet kan benyttast både for prosjektering av nye anlegg og ved endringar på anleggskonfigurasjon. I tillegg kan og Fjord Miljø 3D-modell nyttast til lagring av all relevant dokumentasjon som er tilgjengelig på lokaliteten.

Fjord Miljø 3D-modell vil fungera som ein digital tvilling og vil vera eit ypperleg verktøy for plassering av merdane, flåten og fortøyningar basert på lokaliteten sine faktiske forhold.

Ved plassering av merdane vil du ha eit detaljert innblikk i dei faktiske botnforholda, eksakt djupne der merdane ligg og kva type botnfeste som skal brukast. Alt utstyr vil og vise nøyaktig plassering i desimalgrader, samt at det kan gjennomførast gode risikovurderingar av fortøyningane før utlegg på lokalitet.

Alle fortøyningslinene vil difor og kunne bereknast i detalj med tanke på lengde og visning og du vil ha eit komplett anbudsgrunnlag for fortøyningar som kan leverast til ulike leverandørar straks fortøyningsanalysa er gjennomført. På grunn av den gode detaljkunnskapen når det gjeld plassering av fortøyningsfesta vil og tidsbruk ved utlegging og sannsynlegheten for avvik etter utlegg reduserast betydeleg.

Ein digital tvilling vil og oppfylle krav til dokumentasjon iht krava i NS9415.2023, feks kap 5.11.3.1 Planteikningar:

Følgande systemteikningar/informasjonsmodellar som reflekterar “som bygget”-anlegg skal minst utarbeidast for flytande akvakulturanlegg og dets hovudkomponentar, der det er relevant

-Hovudkonstruksjon og dimensjonsteikning

-Detaljteikning av delar

-Innfesting mellom hovudkomponentar

-Teikningar for flåte

Aksesystem skal vera definert og visast på alle teikningar