Teknologi for framtidas fiskeoppdrett
For å oppnå suksess med førebygging og redusere talet på lakselusangrep i oppdrettsmerdane, har Fjord Miljø fokusert på å utvikle effektive teknologiske løysingar med tre hovudmål:
- Hindre møtet mellom fisk og lus.
- Optimalisere miljøforholda i merdane.
- Minimere påverknaden på det ytre miljøet.
Sidan oppstarten i 2017 har vi dedikert oss til dette arbeidet og har i dag eit breitt utval av skreddarsydde løysingar tilgjengelege, som kan tilpassast behova på den enkelte lokaliteten.
Strømmenrør SR800
- Strømmenrør hentar vatn frå djupet i merden og bidrar til utskifting av vatn bak luseskjørtet
- Velprøvd konstruksjon som kan benyttast i alle typar merdar
Strømmenrør SR2000
- Tredobla kapasitet takka vere større dimensjonar og kraftigare komponentar.
- Utstyrt med ein stor thruster og oppgradert pumpemotor som gjev vesentleg betre vassgjennomstrøyming.
Luseskjørt
- Fjord Miljø leverar luseskjørt i eige design
- Skjørta er designa for bruk av nedlodding og har dobbel lukking
- I tillegg kan me levera beredskapskjørt til bruk ved algeflak og manetangrep
Trident Hybrid merdanlegg
- Merdanlegg med PE flyterør
- Stabil konstruksjon med lang levetid
- Godkjent for hs=3,0 m og Vs=1,5 m/s
Poseidon Flowpressor
- Luftkompressor med høg kapasitet
- Elektrisk eller dieseldreven versjon
- Trinnlaus regulering opp til 28,3 m3/min
- Flowpressor kan leverast i kombinasjon med Oxypressor
Poseidon Oxypressor
- Oksygengenerator med kapasitet på 150 kg/h
- Oxypressor og Flowpressor kan leverast på egen flåte
- Oksygeninnløysing ved hjelp av Oxygen Plume eller Depth Charge
Oksygeninnløysarar
- Depth Charge Plume, DCP frå Poseidon
- Kan leverast i to versjonar
- Kapasitet på inntil 25 kg O2/h
Prosjektering
- Fjord Miljø har eit unikt 3D-verktøy for prosjektering av anlegg og fortøyningar
- Digital tvilling av merdar, nøter, flåte og fortøyningar plassert optimalt i forhold til bunnforhold og miljøforhold
- Få ei komplett liste med posisjonar for fortøyningane, lengder på tau og kjetting samt gjennomfør ei risikovurdering før utlegginga startar
Tilbud eller spørsmål?
Be om tilbud
Be om tilbud
Ønske tilbud på følgande utstyr
Kontakt oss
Kontakt oss
E-post: post@fjordmiljo.no Tlf: +47 473 75 266
Teknologi for ei betre fiskevelferd
- Sidan 2017 har Fjord Miljø utvikla og selt bærekraftige miljøløysingar til oppdrettsnæringa. Vi rettar hovudsakleg merksemd på merdmiljø, fiskevelferd og tilvekst i opne anlegg i sjø. Optimal fiskevelferd er eit viktig bærekraftselement som er av stor betydning for oppdrettsnæringa. Dette gjeld økonomisk, sosialt og miljømessig samt at ei god fiskevelferd gjer livet på merdkanten betre i tillegg.
- God fiskevelferd er avhengig av eit gunstig produksjonsmiljø, noko som krev god biosikkerhet og fiskehelse. Det er dette me i Fjord Miljø jobbar med kvar dag for å gje deg som oppdrettar mulighet til å oppnå. Utvikle produkt som kan bidra med god fiskevelferd gjennom å beskytta fisken mot lus og derigjennom redusera faren for stress og sjukdom som følge av behandlingar.