Større, sunnare, gladare fisk
Life Support System for betre fiskevelferd
Modulære produkt som inkluderar kompressor, oxygen-generator og løysingar for oksygentilsetjing direkte i merdane.
Fjord Miljø leverar no og komplette løysingar for produksjon av 300 kg, 450 kg eller 600 kg oksygen pr time ombord på dedikerte flåtar. Flåtane kan ha tilkobling til landstrøm, ha dieseldrivne kompressorar eller bli levert med straumaggregat ombord.
Poseidon leverar svært effektiv, fullt integrert system for lufting av merdar og oksygenproduksjon med Luftkompressor i kombinasjon med diffusorløysingar og oksygengenerator.
Luftkompressorar kan leverast i to variantar. Ein dieseldreven kompressor og ein elektrisk versjon. Begge kompressorane har variabel belastning og kan regulerast trinnlaust, dette fører til eit redusert energibehov og svært effektiv drift.
Poseidon variable luftkompressor har ein kapasitet på inntil 28 m3/min i dieselversjonen og 21 m3/min i elektrisk versjon. Dette gjer at me kan tilføre mykje luft i merdane og sørge for ei rask utskiftingstid på lokalitetar der skjørt blir benytta som barriere mot lus, algar og maneter. Poseidon luftkompressor kan erstatta andre typar kompressorar for eksempel ved bruk av Midtnorsk-ringen og auke vassutskiftinga i merdane.
Med vassutskifting i merdane med Poseidon variable lutkompressor vil det vera muleg å bruka djupe skjørt, samtidig som forholda i merdane er gode gjennom heile produksjonssyklusen. I kombinasjon med Poseidon effektive oksygenkonsentrator vil du og ha eit komplett system for å tilby fisken optimale forhold. I tillegg vil du kunne redusere antal behandlingar og ha ein barriere mot algar og maneter.
Poseidon leverer svært effektive oksygeneringssystem tilpassa bruk av luft frå Poseidon variable luftkompressor. Kapasitet på ein Poseidon effektiv oksygenkonsentrator er 150 kg oksygen pr time med 92% reinhet.
I periodar med lave oksygenverdiar som følgje av haust-dropp, vår-dropp, høg utfôring eller andre årsaker vil bruk av oksygen bidra til å hjelpa til med å gje fisken gode forhold for trivsel og vekst.
Oksygen vil bidra til at det er mulig å beskytte fisken med djupe luseskjørt gjennom heile produksjonssyklusen, samtidig som kravet til gode forhold for fisken blir opprettholdt.
Forbedra tilvekst og redusert dødelighet kan gje deg store gevinstar. Har du ein 150 grams smolt vil så lite som 0,025% ekstra tilvekst pr dag gje deg 500 gram meir fisk etter 14 månader. I tillegg vil det vera eit stort potensiale i redusert dødeligeht og mulighetar for å la ein sprek laks bli fôra 3-4 veker ekstra.
Depth Charge Plume – DCP
Poseidon har også patenterte Depth Charge-teknologi som er designa for å løyse opp oksygenet i vatnet slik at fisken kan nyttigjera seg oksygenet.