Større, sunnare, gladare fisk
Life Support System for betre fiskevelferd
Modulære produkt som inkluderar kompressor, oxygen-generator og løysingar for oksygentilsetjing direkte i merdane.
Poseidon leverar svært effektiv, fullt integrert system for lufting av merdar og oksygenproduksjon med Flowpressor i kombinasjon med diffusorløysingar og oksygengeneratoren, Oxypressor.
Flowpressor kan leverast i to variantar. Ein dieseldreven kompressor og ein elektrisk versjon. Begge kompressorane har variabel belastning og kan regulerast trinnlaust, dette fører til eit redusert energibehov og svært effektiv drift.
Flowpressor har ein kapasitet på inntil 28 m3/min i dieselversjonen og 21 m3/min i elektrisk versjon. Dette gjer at me kan tilføre mykje luft i merdane og sørge for ei rask utskiftingstid på lokalitetar der skjørt blir benytta som barriere mot lus, algar og maneter. Flowpressor kan erstatta andre typar kompressorar for eksempel ved bruk av Midtnorsk-ringen og auke vassutskiftinga i merdane.
Med vassutskifting i merdane med Flowpressor vil det vera muleg å bruka djupe skjørt, samtidig som forholda i merdane er gode gjennom heile produksjonssyklusen. I kombinasjon med Oxypressor vil du og ha eit komplett system for å tilby fisken optimale forhold. I tillegg vil du kunne redusere antal behandlingar og ha ein barriere mot algar og maneter.
Poseidon leverer svært effektive oksygeneringssystem tilpassa bruk av luft frå Flowpressor. Kapasitet på ein Oxypressor er 150 kg oksygen pr time med 92% reinhet.
I periodar med lave oksygenverdiar som følgje av haust-dropp, vår-dropp, høg utfôring eller andre årsaker vil bruk av oksygen bidra til å hjelpa til med å gje fisken gode forhold for trivsel og vekst.
Oksygen vil bidra til at det er mulig å beskytte fisken med djupe luseskjørt gjennom heile produksjonssyklusen, samtidig som kravet til gode forhold for fisken blir opprettholdt.
Forbedra tilvekst og redusert dødelighet kan gje deg store gevinstar. Har du ein 150 grams smolt vil så lite som 0,025% ekstra tilvekst pr dag gje deg 500 gram meir fisk etter 14 månader. I tillegg vil det vera eit stort potensiale i redusert dødeligeht og mulighetar for å la ein sprek laks bli fôra 3-4 veker ekstra.
Depth Charge Plume – DCP
Poseidon har også patenterte Depth Charge-teknologi som er designa for å løyse opp oksygenet i vatnet slik at fisken kan nyttigjera seg oksygenet.