Lågare kostnader
Trident Hybrid Cage gjer betydeleg lavare driftskostnader over tid som følgje av lite vedlikehold og lite behov for å bytte ut delar i anlegget si levetid.
Trident Hybrid Cage
Poseidon Ocean Systems unike Trident Hybrid Cage kombinerar plastflytekragen sine egenskapar med stålanlegget sine arbeidsplattformer. Konstruksjonen er bygd opp med flyterøyr i PE med stålbrygger med gangbanar i kompositt.
Kan benyttast på dei fleste lokalitetar
Trident Hybrid Cage er designa for å takle Hs på inntil 3 meter og straumstyrke på 1,5 m/s.
Tilpasningsdyktig
Trident Hybrid Cage er kompatibelt med alt øvrig utstyr som blir benytta på lokalitetane.
Framtidsretta
Trident Hybrid Cage kan leverast med komplett Life Support Platform frå Poseidon, Fjord Miljø sine løysingar eller ein kombinasjon av desse løysingane.
Designa for sikker drift, stabilitet og lang levetid
Moderne fiskeoppdrett kan integrerast i Trident-strukturen, inkludert fôrslangar, el.kablar, luft- og oksygenslangar under gangbanane. I den nyeste versjonen, Trident 3, er det og mulig å plassere røyr med diameter opptil 270 mm under gangbanen. Dette åpnar for og å plassere røyr for transport av dødfisk frå merdane til flåten under gangbanen. Dette sikrar ein snublefri og sikker kvardag ute på merdkanten.
Poseidon sitt Trident Hybrid Cage merdsystem er eit sikkert valg for å sikre seg forutsigbar drift med lave vedlikeholdskostnader i mange år. I tillegg er Trident Hybrid Cage eit svært arealeffektivt design som sørger for at arealbruken på lokalitet blir minst mogleg.
Avansert teknologi for framtidas fiskeoppdrett
Vår samarbeidspartnar, Poseidon Ocean Systems LTD, er eit teknologi og serviceselskap med hovedkontor i Campbell River på Vancouver Island i British Columbia på Canada sin vestkyst. Dei har sidan 2015 levert leiande infrastruktur løysingar og Life Support System til oppdrettarar i Canada og resten av verda. Løysingane har som mål å kunne gje fisken optimale forhold slik at du som oppdrettar kan ha fokus på å få optimal vekst på fisken.
Kontakt Oss
E-post: post@fjordmiljo.no Tlf: +47 473 75 266